Kundane i Lånekassen har no høve til å søke om fast rente på studielånet. Perioden 10.–17. oktober er årets femte av i alt seks høve til å søke om fast rente.
Frå 1. november vil fastrentene på studielån vere:
- 4,659 prosent for tre års bindingstid (ned 0,058 prosentpoeng)
- 4,650 prosent for fem års bindingstid (ned 0,057 prosentpoeng)
- 4,688 prosent for ti års bindingstid (ingen endring)
Dei som ønsker å binde studielånsrenta frå 1. november, kan gjere det mellom 10. og 17. oktober på nettsidene til Lånekassen.
Basert på bustadlånsrentene
Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosent.
Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.
For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft.
– Rentene i Lånekassen blir ikkje justerte etter styringsrenta til Noregs Bank, men etter rentene på dei fem beste bustadlåna i marknaden. Derfor blir det ei lita forseinking i fastsettinga av Lånekassens renter, både når dei er på veg opp og når dei er på veg nedover. Dette gjeld både flytande og fast rente, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Fleire har flytande rente
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet, men med høve til å søke om fast rente dersom dei ønsker det. Dette inneber at det blir inngått ein avtale med Lånekassen om kva rente som skal gjelde i tre, fem eller ti år. Med fast rente blir beløpet som skal betalast det same kvar månad.
Tal frå Lånekassen viser at stadig færre har fastrenteavtale. Talet på kundar med flytande rente er i dag 763 000, medan 11 200 kundar har fast rente.
Les meir:
Slik blir rentene i Lånekassen fastsette
Renteutviklinga i Lånekassen