Dette er ein auke på 0,105 prosentpoeng samanlikna med dagens rente, og er satsen som gjeld i november og desember.
Basert på bustadlånsrentene
Studielånsrenta blir fastsett ut frå gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene i marknaden, med eit frådrag på 0,15 prosentpoeng. Dette er framgangsmåten både for fast og flytande rente.
For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft. For faste renter er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald.
Flest har flytande rente
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet. Dei som ønskjer det, kan søkje om å binde renta i tre, fem eller ti år. Det er seks moglegheiter i året til å søkje om fast rente.
780 200 tilbakebetalarar har flytande rente, medan 9 800 har fast rente.
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett
Her kan du følgje renteutviklinga
