Mange over 30 år vel tilleggslån

Publisert: 18.11.2025
Stadig fleire studentar og elevar over 30 år nyttar seg av tilleggslånet frå Lånekassen. Om lag 6 av 10 i målgruppa vel å ta imot tilleggslån i tillegg til basislånet.

Ein ny analyse frå Lånekassen viser at 61 prosent av studentane og elevane over 30 år som fekk støtte i studieåret 2023–2024, også valde å ta imot tilleggslån.

– Tala tyder på at målgruppa ønsker å nytte seg av denne ordninga. Mange vaksne som tar utdanning med støtte frå Lånekassen, vel å ta imot tilleggslån, seier Majken Thorsager, seniorrådgivar i utdanningsstøtteavdelinga i Lånekassen.

Tilleggslånet er eit tilbod til personar som er 30 år og eldre, og som tar universitets- eller høgskoleutdanning, fagskole eller vidaregåande opplæring.

To år med fulltidsutdanning

Ordninga blei innført frå studieåret 2020–2021 som ein del av regjeringa si kompetansereform «Lære heile livet». Målet var å gjere det enklare for vaksne å kombinere utdanning og arbeid. Tilleggslånet er retta mot ei vaksen målgruppe, som ofte har jobb, barn og bustad, og som ønsker meir utdanning.

– Studentar og elevar kan søke om tilleggslån samtidig med basislån. Dei har rett til tilleggslån i to år med fulltidsutdanning, eller over lengre tid ved deltidsutdanning. Beløpa blir reduserte i samsvar med deltidsprosenten, seier Thorsager.

For studieåret 2025–2026 er tilleggslånet inntil 119 240 kroner for dei som tar fagskole, universitets- eller høgskoleutdanning. For vidaregåande opplæring er lånet inntil 59 620 kroner per år. Ein fulltidsstudent over 30 år med basislån og tilleggslån frå Lånekassen kan dermed få inntil 286 099 kroner i studieåret 2025–2026. Elevar på vidaregåande for vaksne kan få inntil 211 310 kroner per år.

Les meir på analysensidene våre her.