Studentar treng ikkje melde flytting til Folkeregisteret, men dei pliktar å opplyse om korrekt bustatus til Lånekassen. Når dei søker om lån og stipend, kryssar dei av for om dei bur saman med foreldra eller ikkje medan dei studerer. Det er berre studentar som har flytta heimanfrå, som kan få delar av basislånet gjort om til utdanningsstipend.
– Vi er avhengige av korrekte opplysningar for å fatte riktige vedtak. Bustatus er ei opplysning vi må få frå studentane sjølve, og skiljet mellom bortebuar og heimebuar har stor betydning for kva studiestøtte studenten har rett på, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
40 prosent av lånet kan bli stipend
I studieåret 2025–2026 kan heiltidsstudentar få inntil 166 859 kroner i basislån. Dei som bur borte, kan få inntil 40 prosent av dette gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen eller utdanning.
Studentane som er med i kontrollen, vil få ein SMS eller e-post frå Lånekassen om at dei har ei oppgåve dei skal utføre på dei innlogga sidene på lanekassen.no. Der vil dei òg få informasjon om kva slags dokumentasjon som blir godkjend.
– Det er den einskilde sin busituasjon som avgjer kva slags dokumentasjon ein skal sende inn. For eksempel skal dei som har leigd bustad, noko svært mange studentar gjer, sende inn kopi av leigekontrakt som er signert av huseigar, seier Bjerke.
Det er eit utval av alle studentar som har oppgitt at dei er bortebuarar, som er omfatta av denne årlege kontrollen.
Dei aller fleste oppgir korrekt adresse
Studentar som eventuelt ikkje kan dokumentere at dei har budd borte, vil ikkje få omgjering til stipend for den aktuelle perioden. Ein kan òg bli nekta støtte, betalingslette og sletting av gjeld for ein kortare eller lengre periode. Bruk av falske dokument blir politimeldt.
– Frå tidlegare kontrollar veit vi at dei aller fleste oppgir korrekte opplysningar om busituasjonen sin, og det forventar vi no òg, seier Bjerke.
Den førre bukontrollen til Lånekassen, som blei gjennomført i fjor, viste at i underkant av 3 prosent av studentane ikkje kunne dokumentere at dei hadde budd borte.
Meld frå dersom du endrar bustatus
Dersom det skjer endringar i løpet av studieåret, til dømes at ein flyttar heim til foreldra, må studentane logge seg inn på lanekassen.no og endre bustatus.
– I forkant av årets kontroll har vi bedt studentar sjekke at bustatusen dei har oppgitt, faktisk stemmer. Dersom han ikkje er oppdatert, er det viktig å rette opp, seier Bjerke.
