Det er berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine under utdanninga, som kan få lån omgjort til utdanningsstipend etter bestått eksamen.
Lånekassen ber no eit utval av studentane som oppgav at dei skulle bu borte i 2024, om å dokumentere at dei gjorde det. Studentane det gjeld, vil få e-post eller SMS om at det ligg ei oppgåve til dei på Dine sider, Lånekassens innlogga sider. Der vil studentane også få informasjon om kva slags dokumentasjon dei skal sende inn.
Studentar pliktar ikkje å melde flytting til Folkeregisteret, men dei pliktar å oppgi korrekt bustatus til Lånekassen. I søknaden om lån og stipend blir studentane spurde om dei bur i same hus eller leilegheit som ein av eller begge foreldra sine i studieåret. Dei som svarar nei, blir behandla som bortebuarar, og kan få omgjort lån til stipend etter bestått eksamen.
– Vi er avhengige av korrekte opplysningar for å kunne fatte riktige vedtak. Lånekassen gjennomfører bukontroll for å førebygge at lån feilaktig blir omgjort til stipend, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Studentar som i kontrollen ikkje kan dokumentere at dei budde borte, vil ikkje få gjort om lån til stipend. Det betyr at dei må betale meir tilbake enn om dei hadde fått omgjering. Dei kan også bli nekta støtte og betalingslettar neste studieår.
I alvorlege tilfelle kan ein miste retten til framtidig støtte, betalingslettar og sletting av gjeld. Bruk av falsk dokumentasjon vil bli politimeldt.
Faktaboks:
- Alle studentar kan få basislån frå Lånekassen. I studieåret 2024–2025 utgjer dette 151 690 kroner for fulltidsstudentar. Dei som bur borte, kan få inntil 40 prosent av basislånet omgjort til stipend etter bestått utdanning.
- I studieåret 2023–2024 tildelte Lånekassen 28 milliardar kroner i basislån. Av dette var omgjeringslånet – den delen av lånet som kan bli omgjort til stipend – 10,7 milliardar kroner.