Den flytande renta frå 1. september blir 4,602 prosent. Det inneber inga endring samanlikna med dagens flytande rente.
Fastsetting av rente
Studielånsrenta blir rekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, med eit frådrag på 0,15 prosentpoeng. Denne metoden gjeld både for fast og flytande rente.
For flytande rente blir nivået rekna ut på bakgrunn av ein observasjonsperiode på to månader, med to månaders opphald før endringa trer i kraft. Den flytande renta som gjeld frå september, er dermed basert på renteobservasjonane i mai og juni.
For faste renter er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald.
Fleirtalet har flytande rente
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet. Dei som ønsker det, kan søke om fastrente for tre, fem eller ti år.
Lånekassen har no 794 000 kundar med flytande rente, medan 10 300 kundar har vald fast rente.
Les meir:
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
Her kan du følge renteutviklinga.
