60 000 kundar har sendt inn søknad om å få sletta studielån gjennom ordningane for gjeldssletting i utvalde distriktskommunar og i tiltakssona. Ved starten av oktober hadde om lag 50 000 kundar fått sletta gjeld.
1,1 milliardar kroner er sletta gjennom den nye distriktsordninga for personar som bur i utvalde kommunar, medan 260 millionar kroner er sletta i tiltakssona, som omfattar Finnmark og Nord-Troms.
Gjennom den nye ordninga kan yrkesaktive som bur i utvalde distriktskommunar, få sletta inntil 25 000 kroner i året. Lengst nord i landet, i Finnmark og Nord-Troms, kan låntakarar som bur og arbeider der, få sletta inntil 60 000 kroner årleg. For begge ordningane må du bu i ein godkjend kommune i ein oppteningsperiode på 12 samanhengande månader.
Stor pågang
Dei fleste søknadene som kjem inn til Lånekassen, blir behandla automatisk, utan at ein saksbehandlar treng å sjå på dei. Då får kunden raskt svar.
– I søknaden om gjeldssletting i distriktskommunar og i tiltakssona hentar Lånekassen inn opplysningar om bustad og yrkesaktivitet frå offentlege register der det er mogleg. Når det ikkje er mogleg, vil kunden bli beden om å sende inn dokumentasjon sjølv, seier Idun Klette Låhne, avdelingsdirektør i utdanningsstøtteavdelinga i Lånekassen.
Dersom kunden må sende inn dokumentasjon, må søknaden behandlast manuelt. Då vil det ta lengre tid å få svar. Gjelda blir først sletta når søknaden er godkjend, men lengre saksbehandlingstid vil ikkje føre til at kunden går glipp av delar av oppteningsperioden eller får ekstra renter.
Flest i Vestland
Dei oppdaterte tala viser at det er flest yrkesaktive under 40 år som har fått sletta studiegjeld. Av dei 50 000 låntakarane som så langt har fått sletta gjeld, er 68 prosent under 40 år.
Av dei innvilga søknadene gjeld 62 prosent kvinner.
Når vi ser på samla beløp fordelte på fylke, har låntakarar i Vestland fått sletta mest, med over 300 millionar kroner. Sunnfjord toppar kommuneoversikta med 50 millionar kroner.
I Finnmark er det sletta studiegjeld for om lag 230 millionar kroner.
Må dokumentere retten til støtte
For å få sletta studiegjeld må kunden ha hatt rett til støtta som er motteken. Dersom Lånekassen i saksbehandlinga oppdagar at ein kunde har hatt periodar utan beståtte studiepoeng eller manglande teikn til studieaktivitet, ber vi om dokumentasjon på at vilkåra for lån og stipend faktisk er oppfylte.
– Dersom kunden ikkje sender inn dokumentasjon, kan saka bli vurdert som brot på opplysningsplikta. Alle ordningar i Lånekassen bygger på at kunden gir riktige opplysningar og kan dokumentere at vilkåra er oppfylte. Når vi ber om dokumentasjon, er det fordi vi må kunne kontrollere at grunnlaget for støtta er i orden, seier Låhne.
Brot på opplysningsplikta kan føre til at Lånekassen gjer urettmessig stipend om til lån, og at kunden mistar retten til sletting av gjeld. I alvorlege tilfelle kan Lånekassen krevje at støtta blir betalt tilbake med ein gong. Kunden kan også miste rettar i Lånekassen for ein periode.
Hugs tremånadersfristen
Fristen for å søke om sletting av gjeld er innan tre månader etter at oppteningsperioden er over.
– Dersom du søker seinare enn tre månader etter full opptening, kan du gå glipp av dagar eller veker av oppteningsperioden, avhengig av kor lenge etter tremånadersfristen du søker, seier Låhne.
Det er òg viktig å vere klar over at du må søke på nytt kvart år.
