Gir kundane fleire betalingsutsettingar grunna korona

Publisert: 01.03.2021
På grunn av koronapandemien blir moglegheita for ekstra betalingsutsettingar vidareført i Lånekassen ut juni i år. I fjor var det ei stor auke i talet på søknader om betalingsutsettingar.

Alle som betalar på studielånet sitt, har i utgangspunktet rett til å utsette rekninga si 36 månader, utan å oppgi årsak. I samband med koronapandemien kunne kundar i Lånekassen søke om ekstra betalingsutsettingar frå mars til desember 2020 utan å bruke av kvoten på 36. No har Stortinget bestemt at denne ordninga skal vidareførast ut juni i år. Det inneber at ein kan få betalingsutsetting sjølv om ein har brukt opp kvoten sin.

– Dersom du ønsker det, kan du enkelt søke om betalingsutsetting. Vi ser at mange kundar har nytta moglegheita til å utsette nedbetalinga av studiegjelda si i koronaperioden, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen Anette Bjerke.

– Det er likevel viktig å vere merksam på at den totale nedbetalingstida blir lengre og at lånet rentar seg sjølv om du får betalingsutsetting, seier Bjerke.

Stor auke i fjor

I 2020 opplevde Lånekassen ei stor auke i talet på søknader om betalingsutsettingar.

– Medan det i 2019 kom inn 210 300 søknader om betalingsutsetting, fekk vi 345 100 slike søknader i 2020, seier Bjerke.

Flest søknader kom i april i fjor, då Lånekassen tok imot 63 400 søknader om betalingsutsetting. Deretter følgde juni med 44 000 søknader og mai med 27 800 søknader.

Søker på Dine sider

Kundane søker om betalingsutsetting på Dine sider på lanekassen.no.
Det er mogleg å utsette både rekningar som allereie har komme og rekningar fram i tid. Det er ikkje mogleg å utsette rekningar som er betalt. Dei som har avtalegiro, må sjølv stoppe trekket i nettbanken.

Les meir om betalingsutsetting på Lånekassen sine nettsider.

Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør. Foto.
Anette Bjerke
kommunikasjonsdirektør i Lånekassen