Forslag til statsbudsjett 2026

Publisert: 15.10.2025
I dag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2026. Endeleg budsjett blir vedtatt etter at forslaga er behandla i Stortinget. Her finn du dei forslaga som gjeld kundane til Lånekassen.

Støttesatsar

Støttesatsane for studieåret 2026–2027 er foreslått auka med 2,1 prosent.
Satsane for inntekt og formue i behovsprøving av stipend og ved sletting av renter og gjeld, er foreslått auka med 4,5 prosent.

Auka barnestipend for første barn

Barnestipendsatsen for første barn er foreslått styrka med 10 prosent utover den generelle auken i støttesatsane.

Redusert omgjering av lån til stipend for folkehøgskuleelevar

Elevar som går på folkehøgskule kan etter gjeldande forskrift få omgjort inntil 40 prosent av basislånet etter gjennomført folkehøgskuleår. Regjeringa foreslår å redusere satsen for omgjering av lån til stipend frå 40 til 15 prosent.

Auka sats for sletting av gjeld i Finnmark og Nord-Troms

Låntakarar som er yrkesaktive og busette i Finnmark og utvalde kommunar i Nord-Troms kan etter gjeldande reglar få sletta inntil 30 000 kroner per år. Regjeringa foreslår at berre utdanningsgjeld som er tatt opp i samband med fullførte studiepoeng i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal gi rett til sletting. Beløpet som kan slettast er foreslått auka til 60 000 kroner.

Den nye ordninga for sletting av gjeld i distrikta

Regjeringa har tidlegare foreslått ei gjeldsslettingsordning for distrikta i sentralitetssone 5 og 6, med unntak for kommunar som allereie er omfatta av slettingsordninga for innsatssona. Føremålet er å gjere det meir attraktivt å busette seg og arbeide i mindre sentrale strøk. I statsbudsjettet for 2026 er det foreslått at ordninga berre skal gjelde kommunane i sentralitetssone 6, som er kommunane med størst distriktsutfordringar.

Også for denne slettingsordninga er det foreslått at berre utdanningsgjeld som er tatt opp i samband med fullførte studiepoeng i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal gi rett til sletting. Vidare foreslår regjeringa at lån kan slettast i maksimalt tre år, etter oppteningstida på eitt år. Dette skal målrette ordninga mot dei første åra i etableringsfasen der gjeldssletting kan ha mest innverknad på varig busetting. Satsen for sletting blir sett til 25 000 kroner kvart år. Oppteningstida for denne ordninga starta 1. januar 2025, slik at det er mogleg å få sletta gjeld frå 1. januar 2026.

Sjå også dagens pressemelding om ordninga: Vil innføre ny ordning for sletting av studielån (regjeringen.no)



Her kan du lese om alle forslaga i statsbudsjettet for 2026 som gjeld Lånekassens kundar (side 237–250): Prop. 1 S (2025–2026)