Flytande rente på studielån auker

Publisert: 10.11.2026
Den flytande renta som gjeld i januar og februar, vil vere 4,784 prosent.

Dette er ein auke på 0,077 prosentpoeng samanlikna med dagens rente, som er satsen som gjeld i november og desember.

Basert på bustadlånsrentene

Studielånsrenta blir fastsett ut frå gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene i marknaden, med eit frådrag på 0,15 prosentpoeng. Dette er framgangsmåten både for fast og flytande rente.

For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta tek til å gjelde. For faste renter er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald.

Flest har flytande rente

Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet. Dei som ønskjer det, kan søkje om å binde renta i tre, fem eller ti år. Det er seks høve i året til å søkje om fast rente.

829 300 tilbakebetalarar har flytande rente, medan 9 700 har fast rente.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett, og følg renteutviklinga på nettsidene til Lånekassen.