Flytende rente stiger

Publisert: 07.01.2022
Den flytande renta på studielånet stig med 0,168 prosentpoeng frå 1. mars, til 1,490 prosent.

Flytande rente som gjeld frå 1. mars 2022 vil vere på 1,490 prosent. Det er 0,168 prosentpoeng høgare enn dagens rente.

718 500 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente, medan 30 400 har fast rente i Lånekassen.

Fastrentene som gjeld frå 1. mars blir tilgjengeleg rundt 10. februar.

Les meir om korleis renta i Lånekassen vert fastsett og følg renteutviklinga her.