Frå 1. november blir flytande nominell rente sett ned frå 5,004 prosent til 4,841 prosent. Det inneber ein nedgang på 0,163 prosentpoeng frå dagens flytande rente.
Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet vert det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter. Både fast og flytande rente blir fastsett på denne måten.
For flytande rente er observasjonsperioden på to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.
Flytande studielånsrente for november og desember er altså basert på gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene i juli og august.
Kan velje mellom flytande og fast rente
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet. Dei som ønskjer, kan søkje om fastrente for tre, fem eller ti år. Det er seks moglegheiter i året til å søkje om fastrente, og neste moglegheit er mellom 10. og 17. oktober.
I dag har Lånekassen 758 300 kundar med flytande rente. 12 700 kundar har fast rente.
Les meir
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett
Her kan du følgje renteutviklinga