Flytande rente synker

Publisert: 08.05.2025
Frå 1. juli synker flytande rente på studielånet, til 5,099 prosent.

Flytande studielånsrente er i dag 5,156 prosent. Frå 1. juli synker ho med 0,057 prosentpoeng, og blir 5,099 prosent. Denne renta er basert på gjennomsnittet av dei fem beste bustandlånsrentene i mars og april.

Dei fem beste bustandlånsrentene minus 0,15 prosentpoeng

Studielånsrenta blir rekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustandlån i marknaden. Frå dette gjennomsnittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens rente. Både fast og flytande rente blir fastsett på denne måten.

For flytande rente er observasjonsperioden på to månader, med to månaders opphald før renten trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin måneds opphald før renta trer i kraft.

Kan velje mellom flytande eller fast rente

Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet. Dei som ønskjer, kan søkje om fastrente for tre, fem eller ti år. Det er seks moglegheiter i året til å søkje om fastrente, og neste moglegheit er mellom 10. og 17. juni.

786 000 av Lånekassens 801 200 tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
Her kan du følgje renteutviklinga.