Flytande rente held seg stabil

Publisert: 05.09.2024
Flytande rente på studielånet som gjeld frå 1. november vil vere 5,233 prosent.

Det er ein nedgang på 0,009 prosentpoeng frå dagens flytande rente på 5,242 prosent.

Studielånsrenta blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastsett rentesatsane i Lånekassen. Flytande rente som gjeld frå 1. november er basert på marknadsrentene i juli og august.

751 500 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, medan 15 000 har fast rente.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.