Flytande rente går ned frå 1. mars

Publisert: 07.01.2026
Flytande rente på studielånet blir frå 1. mars 4,621 prosent.

Det er ein nedgang på 0,077 prosentpoeng frå i dag. Den nye renta vil gjelde i mars og april.

807 500 tilbakebetalarar har flytande rente, medan 11 000 har fast rente.

Både fast og flytande studielånsrente blir fastsett ut frå gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene i marknaden, med eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.

Les meir på lanekassen.no:

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.

Her kan du følgje renteutviklinga.