Flytande rente går ned

Publisert: 06.03.2025
1. mai går flytande rente på studielånet ned, til 5,156 prosent.

Det er ein nedgang på 0,019 prosentpoeng frå dagens rente, som er 5,175 prosent.

Basert på marknadsrentene i januar og februar

Studielånsrenta blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastsett rentesatsane i Lånekassen. Flytande rente som gjeld frå 1. mai er basert på marknadsrentene i januar og februar.

Dei aller fleste har flytande rente på studielånet

Lånekassen har 1,2 millionar kundar som enten får studiestøtte eller som betaler ned på studiegjelda si. 800 400 av dei er tilbakebetalarar. 784 000 av dei har flytande rente, medan 16 400 har fastrente.

Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på lånet sitt. Dei som betaler ned på lånet, kan søke om fastrente om dei ønsker. Det er seks moglegheiter i året til å binde renta. Fastrentene som gjeld frå 1. mai, blir offentlege 10. april.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.