Det er ein nedgang på 0,019 prosentpoeng frå dagens flytande rente på 5,233 prosent.
Studielånsrenta blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastsett rentesatsane i Lånekassen.
Flytande rente som gjeld frå 1. januar er basert på marknadsrentene i september og august.
744 000 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, medan
15 500 har fast rente.
Fastrentene som gjeld frå 1. januar, blir offentlege rundt 10. desember.
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.