Flytande rente: 4,698 prosent

Publisert: 07.11.2025
Frå 1. januar blir den flytande renta på studielånet sett ned til 4,698 prosent. Det inneber ein nedgang på 0,143 prosentpoeng.

Frå 1. januar går den flytande renta på studielånet ned til 4,698 prosent frå dagens 4,841 prosent. Den flytande renta har gått ned gjennom heile året, og blir frå januar sett ned for åttande gong på rad.

Den nye flytande renta vil gjelde i januar og februar.

Fastsetting av rente

Studielånsrenta blir rekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustandlån i marknaden, med eit frådrag på 0,15 prosentpoeng. Denne metoden gjeld både for fast og flytande rente.

For flytande rente blir nivået rekna ut basert på ein observasjonsperiode på to månader, med to månaders opphald før endringa trer i kraft. Flytande rente som gjeld frå januar, er basert på renteobservasjonane i september og oktober.

For faste renter er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald.

Fleire med flytande rente

Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet. Dei som ønskjer, kan søke om fastrente for tre, fem eller ti år.

I dag har Lånekassen 760 000 kundar med flytande rente. 11 300 tilbakebetalarar har fast rente.

Les meir

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
Her kan du følge renteutviklinga.