Den nye renta vil gjelde i mai og juni.
Fastsetting av rente
Studielånsrenta blir rekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, med eit frådrag på 0,15 prosentpoeng. Denne metoden gjeld både for fast og flytande rente.
For flytande rente blir nivået rekna ut basert på ein observasjonsperiode på to månader, med to månaders opphald før endringa trer i kraft. Flytande rente som gjeld frå mai, er basert på renteobservasjonane i januar og februar.
For faste renter er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald.
Fleire med flytande rente
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet. Dei som ønsker det, kan søke om fastrente for tre, fem eller ti år.
I dag har Lånekassen 797 800 kundar med flytande rente, medan 10 600 kundar har fast rente.
Les meir:
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
Her kan du følge renteutviklinga.
