Fastrentene som gjeld frå 1. januar, vil vere:
- 3 års bindingstid: 4,717 prosent (opp med 0,346 prosentpoeng)
- 5 års bindingstid: 4,611 prosent (opp med 0,403 prosentpoeng)
- 10 års bindingstid: 4,583 prosent (opp med 0,308 prosentpoeng)
Flytande rente som gjeld frå 1. januar, vil vere 5,214 prosent.
812 000 kundar betaler ned på studielånet
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på lånet sitt. Dei som betaler ned på lånet, kan søke om fastrente om dei ønsker. Det er seks moglegheiter i året til å binde renta, og ein kan binde for tre, fem eller ti år.
Lånekassen har 1,2 millionar kundar, som enten får studiestøtte eller som betaler ned på studiegjelda si. 812 000 av dei er tilbakebetalarar. Dei aller fleste tilbakebetalarane, 796 000, har flytande rente, medan 16 000 har fastrente.
Basert på dei beste bustadlånsrentene
Rentene i Lånekassen er basert på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar.