Fastrentene på studielånet går ned

Publisert: 10.10.2024
Frå 1. november går fastrentene i Lånekassen ned. Sist fastrentene var lågare, var i juli 2023.

Lånekassens tilbakebetalarar har moglegheit til å søke om fastrente på studielånet seks gonger i året. Perioden 10. til 17. oktober er årets nest siste fastrentevindauge.


Førre gong tilbakebetalarane kunne binde renta, i august, gjekk treårsrenta noko ned, medan rentene for fem og ti år gjekk litt opp. No går alle fastrentene ned, med 0,384 prosentpoeng for treårsrenta, 0,509 prosentpoeng for fem år og 0,308 prosentpoeng for ti år.

Søker om fastrente på lanekassen.no

Fastrentene som gjeld frå 1. november, vil vere:

  • 3 års bindingstid: 4,371 prosent
  • 5 års bindingstid: 4,208 prosent
  • 10 års bindingstid: 4,275 prosent

Dei som ønsker å binde studielånsrenta frå 1. november, kan gjere det på Lånekassens nettsider i perioden 10.–17. oktober.

Flytande rente som gjeld frå 1. november, vil vere 5,233 prosent.

Dei aller fleste har flytande rente 

Alle får automatisk flytande rente når dei begynner å betale på studiegjelda si, men dei som ønsker det, kan søke om fastrente. Det er mogleg å søke om fastrente seks gonger i året, og ein kan binde renta i tre, fem eller ti år.

747 100 kundar har flytande rente, medan 15 600 har fastrente.

Basert på dei beste bustadlånsrentene 

Rentene i Lånekassen er basert på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar.

Les meir:

Slik blir renta i Lånekassen fastsett
Renteutviklinga i Lånekassen