Fastrentene på studielån går opp

Publisert: 10.12.2025
Frå 1. januar aukar alle dei tre fastrentesatsane på studielån. I perioden 10.–17. desember kan kundar i Lånekassen søke om fastrente.

Kundane i Lånekassen kan no søke om fast rente på studielånet. Perioden 10.–17. desember er den siste av seks moglegheiter i år til å søke om fast rente.

Frå 1. januar vil fastrentene på studielån vere:

  • 4,726 prosent for tre års bindingstid (opp 0,067 prosentpoeng)
  • 4,726 prosent for fem års bindingstid (opp 0,076 prosentpoeng)
  • 4,765 prosent for ti års bindingstid (opp 0,077 prosentpoeng)

Til samanlikning er Lånekassen sine flytande renter frå 1. januar på 4,698 prosent.

Dei som ønsker å binde studielånsrenta frå 1. januar, kan gjere det mellom 10. og 17. desember på nettsidene til Lånekassen.

Basert på bustadlånsrentene

Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosent.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.

For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft.

– Den enkle forklaringa er at fastrentene i Lånekassen går opp fordi marknadsrentene for fastrentelån har gått opp. Desse fastrentene er baserte på marknadsrentene i november, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Fleire har flytande rente

Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet, men med høve til å søke om fast rente dersom dei ønsker det. Dette inneber at det blir inngått ein avtale med Lånekassen om kva rente som skal gjelde i tre, fem eller ti år. Med fast rente blir beløpet ein skal betale det same kvar månad.

Tal frå Lånekassen viser at stadig færre har fastrenteavtale. I dag har 755 000 kundar flytande rente, medan 11 000 kundar har fast rente.

Les meir:

Slik blir rentene i Lånekassen fastsette
Renteutviklinga i Lånekassen

 

Mobiltelefon