Fastrentene på studielån går noko opp

Publisert: 10.02.2025
1. mars stig fastrentene på studielån noko, men dei held fram med å vere lågare enn den flytande studielånsrenta.

Frå 1. mars vil fastrentene på studielån vere:

  • 4,765 prosent for tre års bindingstid (opp 0,048 prosentpoeng)
  • 4,707 prosent for fem års bindingstid (opp 0,096 prosentpoeng)
  • 4,688 prosent for ti års bindingstid (opp 0,105 prosentpoeng)

Flytande rente som gjeld frå 1. mars, vil vere 5,175 prosent.

– Fastrentene går litt opp, men held fram med å vere lågare enn den flytande renta som gjeld frå 1. mars. Vi må tilbake til januar i fjor for fastrenter høgare enn flytande studielånsrente, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Basert på dei beste bustadlånsrentene

Rentene i Lånekassen er basert på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter. Fastrentesatsane som gjeld frå 1. mars, er baserte på dei beste bustadlånstilboda i januar. Flytande rente som gjeld frå 1. mars, er basert på dei beste bustadlånstilboda i november og desember.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar.

9 av 10 tilbakebetalarar har flytande rente

Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på lånet sitt. Dei som ønsker, kan søke om fastrente i tre, fem eller ti år. Det er seks moglegheiter i året for å binde renta.

Av Lånekassens 1,2 millionar kundar, betalar 804 000 ned på studielånet sitt no. Dei aller fleste av tilbakebetalarane har flytande rente på studielånet (788 000 kundar).

Dei som ønsker å binde studielånsrenta frå 1. mars, kan gjere det i perioden 10.–17. februar. Ein søker om fastrenta ved å logge seg inn på lanekassen.no.

Les meir: