Rentesatsane som gjeld frå 1. september, er:
- 3 års bindingstid: 5,233 prosent (ned 0,028 prosentpoeng)
- 5 års bindingstid: 5,099 prosent (ned 0,096 prosentpoeng)
- 10 års bindingstid: 4,946 prosent (ned 0,124 prosentpoeng)
Til samanlikning vil Lånekassens flytande rente vere på 4,602 prosent frå 1. september.
Søk på lanekassen.no
Alle med studielån får automatisk flytande rente når dei startar å betale på lånet. Dei som ønsker det, kan søke om å binde renta i tre, fem eller ti år.
Kundar som ønsker å søke om fastrente på studielånet, gjer det på lanekassen.no.
Basert på utviklinga i bustadlånsrentene
Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng.
Det er Finanstilsynet som følger utviklinga i bustadlånsrentene, og som fastset rentesatsane i Lånekassen.
For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft. For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft.
Flytande rente mest vanleg
Dei aller fleste har flytande rente på studielånet. 792 400 kundar har flytande rente, medan 9 900 har bunde renta.
Les meir:
Slik blir rentene i Lånekassen fastsette
Renteutviklinga i Lånekassen
