Tilbakebetalarar i Lånekassen har no høve til å søke om fast rente på studielånet. Perioden frå 10. til 17. august er det fjerde av totalt seks fastrentevindauge i år.
Sist det var mogleg å søke om fast rente, i juni, gjekk rentene noko ned for bindingstid på både tre, fem og ti år. No går alle fastrentene ytterlegare ned.
Søk på lanekassen.no
Frå 1. september vil fastrentene på studielån vere:
- 4,717 prosent for tre års bindingstid (ned 0,057 prosentpoeng)
- 4,707 prosent for fem års bindingstid (ned 0,029 prosentpoeng)
- 4,688 prosent for ti års bindingstid (ned 0,029 prosentpoeng)
Dei som ønsker å binde studielånsrenta frå 1. september, kan gjere det på nettsidene til Lånekassen i perioden 10.–17. august.
Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet vert det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
Fleire har flytande rente
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på studielånet, men har høve til å søke om fast rente om dei ønsker det. Dette inneber at ein inngår ein avtale med Lånekassen om kva rente som skal gjelde i tre, fem eller ti år. Med fast rente vert beløpet som skal betalast det same kvar månad.
Tal frå Lånekassen viser at stadig færre har fastrenteavtale. I dag betaler 793 000 kundar på studielånet sitt. Av desse har dei aller fleste, 780 000, flytande rente, medan 13 000 har fast rente.
Den flytande renta vert også sett ned frå 1. september – frå 5,099 prosent til 5,004 prosent.
Les meir:
Slik blir rentene fastsette i Lånekassen
Renteutviklinga i Lånekassen