Fastrentene på studielån aukar

Publisert: 10.04.2026
Frå 1. mai aukar fastrentene på studielån. Samstundes går den flytande renta ned.

Rentesatsane som gjeld frå 1. mai, er:

  • Flytande rente: 4,611 prosent (ned med 0,010 prosentpoeng)
  • 3 års fastrente: 4,908 prosent (opp med 0,172 prosentpoeng)
  • 5 års fastrente: 4,889 prosent (opp med 0,144 prosentpoeng)
  • 10 års fastrente: 4,879 prosent (opp med 0,124 prosentpoeng)

Alle med studielån får automatisk flytande rente når dei startar å betale på lånet. Dei som ønsker det, kan velje å søke om fastrente i tre, fem eller ti år. Det er seks høve i løpet av året til å binde renta. Dei som vil søke om fastrente, gjer det på lanekassen.no.

Basert på bustadlånsrentene

Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir rentene i Lånekassen.

Det er Finanstilsynet som følger utviklinga i bustadlånsrentene, og som fastset rentesatsane i Lånekassen.

For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft. For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft.

Dei fleste har flytande rente

Dei aller fleste vel å behalde flytande rente på studielånet sitt. Av 805 000 kundar som i dag betaler på studielånet sitt, har 795 000 flytande rente.