Fastrentene i Lånekassen frå 1. september

Publisert: 09.08.2024
Mellom 10. til 17. august kan Lånekassens tilbakebetalarar binde renta på studielånet til 4,755 prosent for tre år, 4,717 prosent for fem år og 4,583 prosent for ti år.

Medan tre års fastrente som gjeld frå 1. september går noko ned samanlikna med dagens treårsrente (0,029 prosentpoeng ned), går fem- og tiårsrenta opp med 0,087 og 0,058 prosentpoeng. Fastrentene som gjeld frå 1. september vil vere:

  • 3 års bindingstid: 4,755 prosent
  • 5 års bindingstid: 4,717 prosent
  • 10 års bindingstid: 4,583 prosent

Dei som ønsker å binde studielånsrenta frå 1. september, kan gjere det på Lånekassen sine nettsider i perioden 10.–17. august.

Flytande rente som gjeld frå 1. september vil vere 5,242 prosent.

Seks moglegheiter i året til å binde renta

Alle får automatisk flytande rente på studielånet sitt når dei ikkje lenger får støtte frå Lånekassen, men dei som ønsker det, kan søke om fastrente. Det er mogleg å søke om fastrente seks gonger i året, og ein kan binde renta i tre, fem eller ti år.

I underkant av 800 000 kundar betaler ned på studielånet sitt. 764 000 har flytande rente, medan 15 000 har fastrente.

Basert på dei beste bustadlånsrentene

Rentene i Lånekassen blir fastsette ut frå gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar.

Les meir:

Slik blir renta i Lånekassen fastsett
Renteutviklinga i Lånekassen