Dei nye satsane, som gjeld frå 1. november, vil vere:
- 5,347 prosent for tre års bindingstid (opp frå 5,233 prosent)
- 5,223 prosent for fem års bindingstid (opp frå 5,099 prosent)
- 5,109 prosent for ti års bindingstid (opp frå 4,946 prosent)
Flytande rente vil vere 4,707 prosent frå 1. november.
776 000 av dei som betaler ned på studielånet sitt har flytande rente. I underkant av 10 000 har fast rente.
Basert på dei lågaste bustadlånsrentene
Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette gjennomsnittet blir det trekt frå 0,15 prosentpoeng.
For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft. For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft.
Det er Finanstilsynet som følger utviklinga i bustadlånsrentene og fastset rentesatsane i Lånekassen.
Kan binde renta seks gonger i året
Alle får automatisk flytande rente når dei ikkje lenger tar imot stipend og lån frå Lånekassen. Dei som ønsker det, kan søke om å binde renta i tre, fem eller ti år. Det er seks moglegheiter i året til å søke om fastrente. Dei som vil søke om fastrente, gjer det på lanekassen.no.
Les meir:
