Færre studerer i utlandet

Publisert: 18.06.2025
21 900 studentar får støtte frå Lånekassen til utdanning i utlandet dette studieåret. Det er færre som tar heile graden sin i utlandet, men fleire som reiser på utveksling.

Det har vore ein nedgang i talet på nordmenn som studerer i utlandet dei siste åra. Medan 21 900 norske studentar får støtte frå Lånekassen til studiar i utlandet i 2024–2025, var talet 23 800 i 2019–2020, det siste året før pandemien. Talet omfattar både dei som tar heil grad utanlands og dei som tar eit kortare utvekslingsopphald. Talet på norske studentar i utlandet var på sitt høgaste i 2015–2016, med 25 400 studentar.

– Vi har sett ei utvikling dei siste åra, frå før koronaen, med at det er færre totalt som studerer i utlandet. Nedgangen skuldast at færre tar heile graden sin i utlandet. Vi ser òg at færre startar på ein grad no enn før. Det er truleg fleire grunnar til ein nedgang totalt sett, men ei meir usikker verdssituasjon og svakare norsk krone over lengre tid spelar truleg inn for mange. Kanskje bidrar desse forholda til at det kjennest mindre føreseieleg å velje ei lengre utdanning i utlandet, seier Kjetil Moen, direktør i Lånekassen.

13 200 norske studentar får i studieåret 2024–2025 støtte til gradsutdanning i utlandet, som er 350 færre enn i fjor. «Toppåret» var i 2014–2015, då 17 500 nordmenn tok heil grad i utlandet. Det er òg færre som startar på ein grad i utlandet no enn før koronaen. 5 000 norske studentar starta på ein grad i utlandet i 2024–2025, mot 5 700 i 2019–2020.

Rekordmange på utveksling

Men sjølv om totaltalet går ned, reiser fleire enn nokon gong på utveksling. 8 700 studentar får i 2024–2025 støtte til utveksling i utlandet, som er rundt 250 fleire enn i fjor og 100 fleire enn for to år sidan, som tidlegare var «toppåret» i talet på norske utvekslingsstudentar.

– Utdanning i utlandet gir verdifull erfaring både fagleg og personleg, og det er eit mål at fleire skal ha erfaring frå utdanning i utlandet, seier Moen.

Flest studerer i Europa, men færre vel Storbritannia

67 prosent av dei norske studentane i utlandet studerer i Europa. Flest er det i Storbritannia. Talet på norske studentar i Storbritannia har likevel gått ned dei siste åra. 2 500 nordmenn får støtte frå Lånekassen til utdanning i Storbritannia i 2024–2025, mot 2 900 i fjor og 3 800 for to år sidan.

Også Danmark og USA er tradisjonelt populære land for norske studentar, men også der er det ein nedgang i talet på norske studentar. 2 200 nordmenn studerer i Danmark i år og 2 000 i USA. For to år sidan var det 2 400 norske studentar i USA, og for fem år sidan 2 700. Australia og Polen er andre populære land blant norske studentar.

Ekstra stipend for utdanning i strategisk viktige land

Norske studentar får eit ekstra stipend, rekrutteringsstipend, dersom dei studerer i Brasil, India, Kina, Japan, Sør-Korea eller Sør-Afrika. I 2024–2025 er dette stipendet på 44 010 kroner. Rekrutteringsstipendet, som kom hausten 2022, gjaldt først for utvekslingsstudentar, men er no utvida til også å gjelde dei som tar heil grad.

– Stipendet er innført for å stimulere fleire til å studere i land som Noreg har definert som strategisk viktige samarbeidsland, fortel Moen.

I 2024–2025 studerer nesten 1 100 nordmenn i eitt av desse landa, dei aller fleste er på utveksling. I fjor var det 860 norske studentar i desse landa, året før var det 750. Sør-Afrika og Japan har flest norske studentar av desse landa i år.

Medisin og økonomi mest populære utdanning

Medisin har i fleire år vore den utdanninga flest norske gradsstudentar i utlandet tar, og det er også tilfelle i år. 2 900 nordmenn tar medisinutdanning i utlandet i 2024–2025. Også økonomi og administrasjon er populære fag – 2 900 norske studentar tar heil grad innan økonomi og administrasjon utanlands i år.

Blant utvekslingsstudentane er naturvitskap og teknologi og samfunnsfag og juss mest populære. 1 900 utvekslingsstudentar tar dette studieåret naturvitskap og teknologi, og nesten like mange tar samfunnsfag og juss (1 875 studentar).

Desse tala, og mange andre nøkkeltal om studentar og tilbakebetaling av studielån, er publisert i rapporten Utdanningsstøtten 2025.