Våre fem beste tilbakebetalingstips

Publisert: 13.02.2026
I desse dagar skal 70 000 nyutdanna betale den første rekninga si på studielånet. Her er fem gode råd for deg som skal i gang med tilbakebetalinga.

– Lånekassen har 800 000 tilbakebetalarar, og dei fleste kjenner godt til kva for ordningar som gjeld. Men for dei 70 000 som no er ferdige med studia og skal betale den første rekninga si, har vi nokre råd som dei bør merke seg, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Våre 5 beste tilbakebetalingstips

  1. Alle får automatisk flytande rente når dei er ferdige med studia, men du kan velje å søke om fastrente. Det er seks moglegheiter i året til å binde renta. Grunnen til å velje fastrente kan vere ønske om større føreseielegheit.
  2. Nedbetalingstida er normalt 20 år, men du kan velje kortare nedbetalingstid. Dersom du vil betale inn ekstra, kan du gjere det. Du kan derimot ikkje betale mindre enn terminbeløpet som er sett i betalingsplanen.
  3. Dersom du ikkje kan betale rekninga, kan du velje å søke om betalingsutsetting. Alle kan utsette 36 gonger, tilsvarande tre år. Merk at nedbetalingstida blir lengre når du utset, og rentekostnaden på lånet aukar.
  4. Dersom du har vore bortebuar, kan du ha rett til å få gjort om delar av lånet til stipend. Omgjeringa skjer året etter at du har fått støtte, når Lånekassen har fått skatteopplysningane frå Skatteetaten. Omgjering for 2025 skjer hausten 2026. Det betyr at kundar som får nedbetalingsplan i februar, kan sjå at terminbeløpet blir justert ned til hausten.
  5. Lånekassen har fleire ordningar for sletting av gjeld. For eksempel kan du få sletta studiegjeld om du bur og jobbar i Finnmark eller Nord-Troms, dersom du fullfører visse lærarutdanningar, eller om du skulle bli varig ufør. Frå nyttår blei det innført ei ny ordning for sletting av gjeld for personar som bur i utvalde distriktskommunar, og som i tillegg er yrkesaktive.

– Vi anbefalar å logge inn på lanekassen.no for full oversikt over eige studielån. I tillegg gir fleire bankar moglegheit til å sjå saldoen på studielånet i nettbanken, seier Bjerke.

Mange vel å utsette rekninga

Lånekassen følger med på korleis det går med tilbakebetalarane. Dette inneber blant anna å sjå på bruk av betalingsutsettingar, misleighald, purringar og søknader om sletting av renter.

– Vi ser at mange vel å utsette rekninga. Betalingsutsetting er ei god moglegheit, men det er også viktig å vite at det ikkje er gratis. Rentene løper sjølv om du utset, noko som betyr at den totale kostnaden blir litt større, seier Bjerke.

– Betalingsutsettingar er meint som ei hjelp når du treng det, og det kan vere lurt å ikkje bruke opp alle frå start, seier ho.

206 000 tilbakebetalarar utsette til saman 1,4 millionar rekningar i 2025. Dette er ein nedgang på om lag fem prosent samanlikna med året før. I gjennomsnitt utsette dei sju terminar.

Student leser bok. Foto.