Kundar som ønsker å søke om fastrente på studielånet, kan gjere det på nettsidene til Lånekassen. Dette er årets første moglegheit til å binde renta.
Søk på lanekassen.no
Frå 1. mars vil fastrentene på studielån vere:
- 3 års bindingstid: 4,736 prosent (opp 0,038 prosentpoeng)
- 5 års bindingstid: 4,745 prosent (opp 0,047 prosentpoeng)
- 10 års bindingstid: 4,755 prosent (opp 0,019 prosentpoeng)
Til samanlikning vil den flytande renta i Lånekassen vere 4,621 prosent frå 1. mars.
– Fastrentene for tre, fem og ti års bindingstid går litt opp. Endringa betyr at den flytande renta for første gong sidan januar 2024 er lågare enn fastrentene, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Basert på utviklinga i bustadlånsrentene
Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga i bustadlånsrentene og som fastset Lånekassens rentesatsar. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.
For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft.
Fleirtalet har flytande rente
Nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente, men kan søke om fast rente for tre, fem eller ti år. Med fast rente er terminbeløpet det same gjennom heile bindingstida.
Tal frå Lånekassen viser at stadig færre har fastrenteavtale. Talet på kundar med flytande rente er i dag 804 500, medan 10 600 kundar har fast rente.
Les meir:
Slik blir rentene i Lånekassen fastsette
Renteutviklinga i Lånekassen
