Sletting av gjeld i utvalde kommunar

No kan du søke om å få sletta studielån

Bur du i ein kommune i sentralitetsklasse 5 eller 6, kan du no søke om få sletta studielån. Du må ha vore yrkesaktiv i 12 månader før du søker.

Bur i utvalde distriktskommunar

Dersom du bur i ein mindre sentral kommune og er yrkesaktiv i eller utanfor denne kommunen, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.

Denne ordninga er ny. Opptening etter denne ordninga kan tidligst reknast frå 1. januar 2025.

Kven kan få sletta studielån?

Du må oppfylle desse krava i 12 samanhengande månader (oppteningsperioden) for å få sletta lån:

  • Bu i ein mindre sentral kommune (klasse 5 eller 6 på sentralitetsindeksen)
  • Vere yrkesaktiv i eller utanfor kommunen du bur i

Lån kan slettast når du har oppfylt vilkåra i oppteningsperioden. Opptening etter den nye ordninga kan tidlegast reknast frå 1. januar 2025.

Dersom du både bur og arbeider i Finnmark eller Nord-Troms, kan du framleis søke om sletting av gjeld etter den eksisterande ordninga for denne regionen (innsatssona), uavhengig av kommunen sin sentralitetsklasse. Les om ordninga for Finnmark og Nord-Troms

Du må bu i ein godkjend kommune

For å få sletta gjeld, må du bu i ein godkjend kommune i ein oppteningsperiode på 12 samanhengande månader. Med godkjend kommune meiner vi ein kommune i klasse 5 eller 6 på sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå.

Å bu i kommunen betyr at du både må vere folkeregistrert der og faktisk bu der.

Sjå liste over kommunar der du kan få sletta studielån

Du må vere yrkesaktiv

Du må vere yrkesaktiv, men det er ikkje krav om at du jobbar i kommunen du bur i. Du treng ikkje vere heiltidstilsett for å bli rekna som yrkesaktiv, men du må oppfylle minst eitt av punkta under:

  • Arbeid i minst 50 prosent stilling
  • Fulltidsarbeid i minst seks månader av oppteningstida og registrert arbeidssøkjar hos Nav dei resterande seks månadene
  • Omsorg for barn fødde i 2014 eller seinare, eller særleg tyngjande omsorgsplikter i nærmaste familie

Dersom du er sjukmeld i perioden, blir denne tida rekna med i oppteningsperioden.

Om du var student før du starta oppteninga, bør du lese avsnittet om kven som ikkje blir rekna som yrkesaktive.

Desse blir ikkje rekna som yrkesaktive

Du blir ikkje rekna som yrkesaktiv dersom du i oppteningsperioden for eksempel har vore fulltidsstudent, avtjent førstegongsteneste eller vore elev ved ein militær skole. Då har du heller ikkje rett til sletting av gjeld.

Merk: Periodar der du fekk eller kunne ha fått støtte frå Lånekassen til fulltidsutdanning, kan du ikkje ta med i oppteningsperioden. Eksempel: Dersom du fekk, eller kunne ha fått, støtte heile haustsemesteret, startar ikkje oppteningsperioden din før 16. januar, sjølv om du starta å jobbe før det. Det er fordi Lånekassen reknar haustsemesteret frå 16. august til og med 15. januar.

Berre lån som er rettmessig tatt opp

Det er berre lån som kan slettast, ikkje renter og gebyr. Lånet kan vere tatt opp til utdanning på alle nivå.

Du kan berre få sletta lån som er rettmessig tatt opp. Urettmessig mottatt lån, eller urettmessig mottatt stipend som er omgjort til lån, skal ikkje slettast.

Du skal betale som vanleg

Du skal betale avdrag og renter som vanleg, sjølv om du har fått sletta lån.

Slik søker du

Søknaden opnar 5. januar 2026. Du må logge inn for å søke om sletting av lån. Søknaden for sletting av lån er felles for fleire ordningar. Når du søker, hentar vi data som avgjer kva ordning som gjeld for deg. Dersom vi ikkje klarer å hente data, får du beskjed om å sende inn dokumentasjon.

Søknadsfrist

Du må søke innan tre månader etter at oppteningsperioden er over. Oppteningsperioden er dei 12 månadene du oppfyller vilkåra for å få sletta lån.

Gå til søknad om sletting av lån