Søknad om fast rente

Dette søker du om

Du søker om ein avtale om fast rente på 3, 5 eller 10 år. Det vil seie at du binder deg til ein fast nedbetalingsavtale i den same perioden.

Kva skjer om avtalen blir broten?

Avtalen om fast rente blir broten dersom du får lån og/eller stipend frå Lånekassen igjen i løpet av fastrenteavtalen, eller om du vel å seie opp avtalen sjølv. Dersom avtalen blir sagt opp, bereknar vi rentetap/rentegevinst.

Søknadsfrister

Du kan berre søke om fast rente i fastsette søknadsperiodar, seks gongar i året:

  • 10. - 17. februar
  • 10. - 17. april
  • 10. - 17. juni
  • 10. - 17. august
  • 10. - 17. oktober
  • 10. - 17. desember

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søknad om fast rente