Har du fått rekning frå Lånekassen?

For deg som tar vidaregåande opplæring eller førebuande opplæring for vaksne og fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.

Vil du utsette rekninga?

Slik søker du:
  • Logg inn med BankID
  • Gå til Meny og vel Betalingsutsetting og sletting av renter
  • Gå til søknad om utsetting

Eg går på vaksenopplæring og har fått rekning

Får du rekning frå Lånekassen, må du hugse å betale eller søke om utsetting.

Kvifor har eg fått rekning når eg går på skole?  

Du får ikkje rekningar eller renter når du får stipend eller lån til fulltidsutdanning. Men dersom du går over til deltidsutdanning, får du rekningar. Deltid betyr at du ikkje tar mange nok fag/årsstimar til å bli rekna som ein fulltidselev.  

Kvifor får eg rekning – eg har berre søkt om stipend?  

Dersom du har søkt om lån som kan bli til stipend, har du eit lån heilt til dette blir gjort om til stipend etter fullført utdanning.

Har du arbeidsinntekt eller får pengar frå Nav over grensene til Lånekassen, kan pengane frå Lånekassen bli eit lån som du må betale tilbake. Dette gjeld også barnestipend og flyktningstipend.

Kva gjer eg med rekninga?  

Du må ikkje gløyme rekninga! Det blir dyrt. Dersom du ikkje kan betale, må du logge inn og søke om betalingsutsetting. Det betyr at du søker om å utsette betalinga, altså betale seinare. Du må betale gebyr og ekstra renter om du ikkje gjer noko.

Slik søker du om utsetting:

  1. Logg inn med BankID
  2. Gå til Meny og vel Betalingsutsetting og sletting av renter
  3. Gå til søknad om utsetting

Du må søke før fristen for å sleppe å betale purregebyr, men du kan også søke etter fristen.

Når du skal begynne å betale på lånet