Alle med studielån får ei årsoppgåve

Kvart år får over ein million kundar i Lånekassen ei årsoppgåve i januar. Den skal du bruke til å sjekke opplysningane i skattemeldinga før du sender den inn den 30. april. 

Både dei som framleis studerer og mottar studielån og dei som er ferdige med utdanninga, får ei årsoppgåve frå Lånekassen. Her svarar vi på nokre vanlege spørsmål om årsoppgåva.

Dette kjem fram i årsoppgåva

Årsoppgåva inneheld mykje informasjon om låneforholdet ditt:

  • Den samla gjelda di per 31.12.2024
  • Korleis gjelda fordeler seg på lån, renter, gebyr/omkostningar
  • Kor mykje du har betalt inn i 2024
  • Kva innbetalingane dine har dekt (avdrag, renter, gebyr/omkostningar)
  • Anna relevant informasjon

Lånekassen sender denne informasjonen til skatteetaten samtidig som du får den.

Kva brukar skatteetaten årsoppgåva til?

Skatteetaten treng årsoppgåva for å berekne skatten din. Studielånet (lånesaldoen) blir trekt frå eventuell formue du har, før det blir berekna formuesskatt. Betalte renter får du frådrag på skatten for. Du bør sjølv sjekke at opplysningane om studielånet i skattemeldinga er korrekte.

Kva får eg skattefrådrag for?

Du får skattefrådrag for renter du har betalt i løpet av året. Du får ikkje frådrag for renter som er lagt til, men som enno ikkje er betalt.

Kva betyr rentebærande renter?

Etter kvart forfall blir det rekna renter av renter som er lagt til, men ikkje er betalt. Det blir også rekna renter av renter som er lagt til gjelda i perioden frå lånet blir sett rentebærande etter endt utdanning og fram til første terminforfall. Det blir også rekna renter på renter som blir lagt til i periodar med betalingsutsetjing. Rentebærande renter er altså renter som det blir rekna renter på, og beløpet som blir lagt til, kallar vi «renters rente».

Det at det ofte står på årsoppgåva at renter du har betalt inn i året som gjekk, er «rentebærande renter», betyr ikkje at beløpet er rentesrente. Det betyr berre at rentene var blitt flytta til saldo for rentebærande renter på tidspunktet vi mottok og posterte innbetalinga di.