Kva er foreldrestipend?
Foreldrestipendet kan seiast å tilsvare foreldrepengar for elevar og studentar. Det inneber at stipend og lån som eleven eller studenten har rett til, blir gjort om til eit eige foreldrestipend.
Elevar og studentar som får foreldrestipend får utbetalt stipend og lån frå Lånekassen sjølv om dei har permisjon frå utdanninga. Dersom dei sluttar på skolen, mister dei pengane.
Kor mykje kan eleven eller studenten min få i foreldrestipend?
Eleven eller studenten din får ikkje utbetalt meir pengar enn før, men han kan få lån han tidlegare har fått, omgjort til stipend. Tilleggslån og/eller skolepengelån til nettstudium i utlandet, blir ikkje omgjort.
Foreldrestipendet blir berekna ut ifrå studiebelastninga (kor mange studiepoeng ein tar) dei fire siste månadane før fødselen.
Vidaregåande skole eller lærling
Lærlinglønn og/eller støtte frå andre kan redusere foreldrestipendet for vidaregåande-elevar. Får eleven din overgangsstønad vil dette redusere størrelsen på foreldrestipendet.
Elevar i vanleg vidaregåande skole eller førebuande opplæring, som er 20 år eller yngre og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, reknast alltid for å vere i utdanning på fulltid.