Årleg gjennomgang av utdanningar

Her finn du informasjon om korleis du utfører årleg gjennomgang av utdanningar.

Rapporterer de via FS?

Lærestader som rapporterer via Felles studentsystem (FS) må sette opp regelmessig filoverføring til Lånekassen. De må også rapportere om spesielle eller avvikande forhold.

Kva er gjennomgang av utdanningar?

Enkelte lærestader får kvart år ei oppgåve i arbeidsflata, kor lærestaden skal gå gjennom opplysningar om godkjente utdanningar.

I januar kvart år får nokre lærestader oppgåva «årleg gjennomgang av utdanningar» i arbeidsflata. I denne oppgåva ber Lånekassen dykk om å gi opplysningar om kva godkjente utdanningar de skal tilby i det kommande studieåret. Opplysningane de gir, dannar grunnlaget for informasjonen kundane seinare finn i nettsøknaden sin.

Kven skal foreta årleg gjennomgang?

Dei aktuelle lærestadene får ei oppgåve i arbeidsflata i løpet av januar kvart år. Har du ikkje fått denne oppgåva, treng du ikkje å gjere noko. Du treng heller ikkje å rapportere via arbeidsflata, dersom lærestaden din rapporterer via Felles Studentsystem (FS).

Slik gjer du det

Du får ei oppgåve i arbeidsflata som seier at du skal gå gjennom kva utdanningar lærestaden skal tilby det kommande studieåret. Du skal også opplyse om eventuelle endringar i utdanninga, til dømes:

  • start- og/eller avslutningsdato
  • undervisningsform
  • namn på utdanninga
  • skolepengar

Du treng ikkje å sende inn opplysningar for alle utdanningane samtidig. Når alle utdanningane er sendt inn, vil oppgåva forsvinne frå oppgåvelista.

Logg inn i arbeidsflata

Korleis går eg gjennom utdanningar?

Her finn du meir spesifikk informasjon om årleg gjennomgang av utdanningar for din lærestad

Lærestader som som tilbyr førebuande opplæring for vaksne, må gi beskjed til Lånekassen viss lærestaden ikkje skal tilby førebuande opplæring for vaksne kommande studieår. Send e-post til Lånekassen.

Offentlege vidaregåande skoler treng ikkje å sende inn årlig gjennomgang av utdanningar til Lånekassen. Vi får opplysningar frå Vigo om kva utdanningar de skal tilby kommande studieår. De må likevel sjekke utdanningsoversikta i arbeidsflata før kvart studieår. I april får de ei oppgåve om dette i arbeidsflata.

Private vidaregåande skoler skal berre gå gjennom utdanningar som har blitt godkjend for lån og stipend i Lånekassen tidlegare. Dersom de ønsker å søke om godkjenning av ny utdanning for utdanningsstøtte, må de sende inn ein egen søknad om dette.

Fagskoler må årlig gå gjennom kva godkjende utdanningar de skal tilby i det kommande studieåret, og opplyse om eventuelle endringer. 

De skal berre gå gjennom utdanningar som allerede er godkjend for utdanningsstøtte. Dersom de ønsker å søke om godkjenning av utdanning for lån og stipend i Lånekassen, må de sende inn ein egen søknad om det. Lånekassen kan godkjenne utdanning for utdanningsstøtte fra og med datoen den er godkjend av NOKUT.

Høgskoler som ikkje rapporterer via Felles studentsystem (FS) må rapportere til Lånekassen via arbeidsflaten. 

Enkelte utdanningar som går over fleire år, kan ha ein ujevn studieprogresjon. For eksempel kan en 3-års utdanning ha: 

  • 45 studiepoeng første året
  • 60 studiepoeng andre året
  • 75 studiepoeng tredje året

Det er viktig at du oppgir eksakt antall studiepoeng som studenten skal ta per studieår. Dersom du ikkje oppgir rett antall studiepoeng, kan studenten bli registrert med fagleg forseinking.I verste fall kan dette føre til at studenten får avslag på lån og stipend frå Lånekassen. Du opplyser om dette i feltet "Merknad" i arbeidsflaten. 

Du finn meir informasjon om korleis du går gjennom utdanningar i arbeidsflata. 

Få tilgang til arbeidsflata
Korleis få tilgang til arbeidsflata for lærestadene?