Rettleie elevar frå familiar med svak økonomi

Enkelte elevar kan ha krav på inntektsavhengig stipend.

Hugs dette når du rettleier:

  • Berre elevar i førebuande og vidaregåande opplæring, som får utdanningsstøtte etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring, har rett til inntektsavhengig stipend.
  • Eleven kan få inntektsavhengig stipend i inntil 10 månader per år.

Inntektsavhengig stipend

Elevar som kjem frå ein familie med svak økonomi kan ha rett til inntektsavhengig stipend.

Foreldrene har forsørgarplikt for elevar i førebuande og vidaregåande opplæring, sjølv om dei er over 18 år. Dersom foreldra har så svak økonomi at det kan gå ut over eleven sin moglegheit til å fullføre skolen, kan eleven få inntektsavhengig stipend. Det er berre elevar som får lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring som kan ha rett på inntektsavhengig stipend.

Elevar og lærlingar kan søke stipend og lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring dersom begge punkta gjeld: 

  • Eleven er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
  • Eleven har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at eleven ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning.

Eleven søker om stipendet i den vanlege søknaden om lån og stipend. Der vel han om han ønsker å søke om inntektsavhengig stipend.

Inntektsavhengig stipend er inndelt i tre ulike satsar:

For studieåret 2024-2025 er følgande satsar gjeldande: 

  • 1291 kroner
  • 2483 kroner 
  • 3875 kroner

Eleven søker om stipendet i den vanlege søknaden om lån og stipend. Der veljer han om han ønsker å søke om inntektsavhengig stipend. 

Stipendet skal sikre at elevane skal kunne ta førebuande og vidaregåande opplæring uavhengig av familiens økonomi. Så lenge eleven får utdanningsstøtte etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring har foreldra forsørgerplikt, sjølv om eleven har fylt 18 år.

Søknadsfristen for å søke inntektsavhengig stipend er: 

  • 15. november (haustsemesteret)
  • 15. mars (vårsemesteret)

Stipendet er behovsprøvd

Stipendet blir behovsprøvd mot foreldra si inntekt. Det betyr at det er kor mykje foreldra tener til saman som avgjer om eleven har rett til stipendet. I behovsprøvinga av inntektsavhengig stipend, vurderer Lånekassen følgande:

  • Om foreldra til eleven bur saman
  • Har foreldra til eleven ny partnar
  • Inntekta til begge foreldra
  • Kor mange søsken eleven har
  • Om eleven har eigne trygdeytingar

Dersom eleven har gløymt å søke om inntektsavhengig stipend

Eleven kan be om å få vurdert om han har rett til inntektsavhengig stipend heilt til studieåret/perioden for stipend og lån er over. Dette gjeld om eleven har sendt inn søknad om stipend og lån innan den ordinære fristen.

Ofte stilte spørsmål

Her finn du ofte stilte spørsmål om inntektsavhengig stipend.

Nei, Lånekassen hentar inn opplysningar om foreldre si inntekt frå skatteetaten. 

Eleven har ikkje rett til inntektsavhengig stipend dersom han bur i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Bur eleven aleine, men er forsørga av barnevernet har han heller ikkje rett til inntektsavhengig stipend, med mindre støtta frå barnevernet til levekostnadar, er lågare enn det han ville fått frå Lånekassen.

Hjelp eleven å berekne kor mykje han kan få

På kundesidene finn du oversikt over kor mykje eleven kan få i inntektsavhengig stipend.

Aktuelt regelverk