Eksamensdata

Her får du informasjon om korleis lærestaden din skal rapportere eksamensresultat til Lånekassen.

Rapportere eksamensdata

Korleis rapporterer eg eksamensdata?

Du rapporterer eksamensdata i arbeidsflata for lærestadene. Nokre skolar rapporterer ved å laste opp ei fil, medan andre rapporterer elevane sine resultat enkeltvis. Du finn rettleiing for korleis du rapporterer i arbeidsflata for lærestadene under fana «rapportering».

Rapportere eksamensdata og følgt undervisning

Nokre lærestader skal rapportere eksamensdata til Lånekassen. Vidaregåande opplæring treng ikkje å rapportere dette.

Kva skal eg rapportere?

Lånekassen treng opplysningar om eksamensresultat for å vurdere omgjering av lån til stipend. I tillegg bruker vi opplysningane til å kontrollere den faglege progresjonen til studentar og elevar som søker om lån og stipend.

Dette gir ikkje rett til omgjering av lån til stipend:

  • Fag/emne som ikkje er beståtte
  • Fag/emne som eleven/studenten har fått fritak for
  • Fag/emne som eleven/studenten har bestått tidlegare, og består på nytt

Omgjering

Omgjering frå lån til stipend skjer når Lånekassen får likningstala for det året eleven/studenten tok eksamen. Eleven/studenten kan først få omgjering på hausten året etter at ho bestod eksamen eller fullførte utdanninga si.

Om eleven er forseinka i utdanninga

Blir eleven/studenten forseinka i utdanninga si, kan ho få lån og stipend i inntil eitt år utover normert studietid. Blir ho meir enn eitt år forseinka (60 studiepoeng eller tilsvarande eitt års fulltidsutdanning), har ho ikkje rett på meir lån og stipend frå Lånekassen. Ho kan då ikkje få lån og stipend igjen før semesteret etter at ho eventuelt har tatt igjen forseinkinga. Unntaket er hvis ho har betalt ned tidlegare studiegjeld. 

Rapportere fulgt undervisning for elevar i førebuande opplæring

Her viser vi trinn for trinn korleis tilsette ved lærestadene rapporterer fulgt undervisning for elevar i førebuande opplæring.

Kva skal eg rapportere?
Oversikt over lærestadenes rapporteringsoppgåver
Få tilgang til arbeidsflata
Korleis få tilgang til arbeidsflata for lærestadene?