Stipend og lån til elevar under omsorg av barnevernet
Ungdom som er under omsorg av barnevernet kan berre få stipend, og eventuelt lån, dersom støtta frå barnevernet for å dekke livsopphald og bustad, er mindre enn det eleven kan få frå Lånekassen. Det gjeld også elevar som er i ettervern og som får utgiftene til bustad og lisvopphald dekka av barnevernet.
Elevar som bur i fosterheim eller insitusjon har ikkje rett til stipend frå Lånekassen.
Unntaket er utstyrsstipend, som alle på vidaregåande kan få dersom begge punkta gjeld:
- Eleven er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Eleven har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at eleven ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning.
Arbeidsgodtgjerelse til fosterforeldre reknast som lønn, og skal ikkje bli rekna med i utrekning av økonomisk støtte frå kommunen.
