Ofte stilte spørsmål om modulstrukturert fag- og yrkesopplæring

Her finn du spørsmål og svar om modulstrukturert fag- og yrkesopplæring. Spørsmåla er kategorisert etter ulike tema.

Generelt om lån og stipend

Ja, men dersom deltakaren har inntekt eller trygd over grensa blir lånet hen må betale tilbake til Lånekassen større. Les om inntekt og trygd på denne sida.    

Ja. Deltakarar på modulstrukturert fag- og yrkesopplæring får lån og stipend til utdanning på fulltid frå Lånekassen, sjølv om dei brukar lenger tid. 

Informasjon om søknadsprosessen

For deltakarar som følger ordinært studieår, gjeld same fristar som for andre elevar. Fristen er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. Under finn du unntak frå fristen: 

  • Deltakarar som startar 1. november eller seinare, kan søke etter fristen 15. november for haustsemesteret.
  • Deltakarar som startar 1. mars eller seinare, kan søke etter fristen 15. mars for vårsemesteret.

Vi behandlar søknadane fortløpande. Deltakaren kan logge inn på lanekassen.no for å sjå når hen kan forvente å få svar. Les om behandlingstid på denne sida.

Klargjere søknadar om lån og stipend

Du skal fylle inn 100 prosent.

Du får spørsmålet fordi deltakaren har oppgitt at hen skal ta utdanninga på deltid. Alle som tar modulstrukturert fag- og yrkesopplæring får lån og stipend til utdanning på fulltid, uansett om dei tar utdanninga på fulltid eller deltid.

Dersom du er usikker, oppgir du sluttdato for inneverande studieår. Lånekassen reknar 15.06 som siste dato i vårsemesteret.

Dersom deltakaren har valt ei av utdanningane som startar med «Vidaregåande for vaksne…», må du endre utdanninga. Slik gjer du det:

  • Start utfylling av søknaden.
  • Vel «Annen utdanning».
  • Vel kva for utdanning deltakaren skal ta.
  • Rull ned på sida, klikk på «Fortsett» og klargjer søknaden.

Nei. Du skal oppgi start- og sluttdato for når deltakaren skal følge undervisninga for studieåret.

Nei. Tidlegare måtte du sjekke at deltakaren hadde brukt riktig søknad. Nå blir dei automatisk ført til riktig søknad. Dersom deltakaren har kryssa feil i søknaden, kan hen hamne i feil søknadsskjema. Dette oppdagar vi i Lånekassen, og deltakaren får beskjed om å søke på nytt.

Endring i utdanninga

Dersom søknaden ligg til klargjering i arbeidsflata for lærestadene, kan du endre utdanninga og oppgi at deltakaren går på modulstrukturert fag- og yrkesopplæring.

Om du allereie har klargjort den første søknaden, må deltakaren sende inn ein ny søknad om lån og stipend.

Alle på modulstrukturert fag- og yrkesopplæring får lån og stipend til utdanning på fulltid, uansett om dei tar utdanninga på fulltid eller deltid. Du treng derfor ikkje å rapportere at deltakeren tar utdanninga på deltid.

Det har inga betydning for Lånekassen om deltakaren bruker lenger eller kortare tid enn planlagt før hen går over til neste modul.

Når deltakaren avsluttar utdanninga

Dersom deltakaren fullfører undervegs i studieåret, må du melde frå til Lånekassen ved å bruke skjemaet for å melde endringar.

Oppgi følgande:

  • Dato for endring: Oppgi startdato for inneverande studieår.
  • Har eleven/studenten lik belastning Høst/Vår?: Ja
  • Angi studiebelastning i prosent: 100
  • Oppgi søkerens avsluttende nivå: Vg3
  • Start- og sluttdato: Oppgi startdato for inneverande studieår, og ny sluttdato (den datoen deltakaren avla fag- eller sveineprøven).

 

Vi mottek ikkje eksamensresultat frå fylkeskommunane for deltakarar som har fullført modulstrukturert fag- og yrkesopplæring. Du må derfor rapportere fullført utdanning direkte til Lånekassen.

Vi har laga eit skjema du skal bruke når du rapporterer fullført utdanning for deltakarar som har bestått fagbrevet. Du finn skjema for å rapportere fullført utdanning på denne sida.

Du skal ikkje rapportere fråvær til Lånekassen. Dersom deltakaren har slutta, må du melde avbrot i arbeidsflata for lærestadene. Les om avbrot på denne sida.

Lån og stipend for flyktningar

Ja, ein deltakar på modulstrutkurert fag- og yrkesopplæring med status som flyktning kan ha rett til flyktningstipend. Dersom deltakaren mottek introduksjonsstønad har hen ikkje rett til flyktningstipend, men kan ha rett til andre lån og stipend frå Lånekassen. Les om flyktningstipend på denne sida.

Ja, dei har same rettar som andre utanlandske statsborgarar. Dersom dei har status som flyktningar, kan dei ha rett til flyktningstipend. Dersom deltakarane mottek introduksjonsstønad har dei ikkje rett til flyktningstipend, men kan ha rett til andre lån og stipend frå Lånekassen. Les om flyktningstipend på denne sida.

Flyktningstipendet kan bli gjort heilt eller delvis om til lån dersom deltakaren har inntekt eller støtte frå Nav/kommunen over grensene. Les om flyktningstipend på denne sida.

Fødsel og permisjon

Når ein deltakar går ut i fødselspermisjon, melder du avbrot i arbeidsflata for lærestadene.  Deltakaren kan ha rett til foreldrestipend frå Lånekassen. Les om foreldrestipend på denne sida.

Dersom fødselspermisjonen startar midt i året, skal du melde møtt for deltakaren som vanleg. Når deltakaren går ut i permisjon, skal du melde avbrot.

Dersom deltakaren er i permisjon ved semesterstart, skal du melde «ikke møtt» i arbeidsflata for lærestadene.

 Les om lærestedets ansvar ved svangerskapspermisjon på denne siden.