Ofte stilte spørsmål om førebuande opplæring

Her finn du spørsmål og svar om førebuande opplæring for vaksne. Spørsmåla er kategorisert etter ulike tema.

Generelt om lån og stipend

Nei. Lånekassen stiller ingen krav til kor mange timar deltakaren må ha undervisning eller er i utdanning.

Ja, så lenge deltakaren har rett til førebuande opplæring kan hen det. Lånekassen kan gi lån og stipend til alle modular.

Ja, men dersom deltakaren har inntekt eller trygd over grensa blir lånet hen må betale tilbake til Lånekassen større. Les om inntekt og trygd på denne sida.  

Deltakarar på førebuande opplæring som er 20 år eller yngre, kan få lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring i inntil to år. 

Deltakarar på førebuande opplæring som er 21 år eller eldre, kan få lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning. Desse deltakarane har rett til lån og stipend i inntil fire år. Hvis deltakaren tidlegare har fått lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring, reknar Lånekassen desse som ein del av dei fire åra. 

Informasjon om søknadsprosessen

Deltakaren kan ha kryssa feil i søknaden om lån og stipend. Sjekk om hen har:

  • svart «ja» på spørsmålet «skal du vere lærling, ta vidaregåande skole eller førebuande opplæring?».
  • svart «førebuande opplæring» på spørsmålet «kva utdanning skal du ta?».

Dersom deltakaren framleis ikkje finn rett utdanning, må du som jobbar ved lærestaden ta kontakt med Lånekassen.

For deltakarar som følger ordinært studieår, gjeld same fristar som for andre elevar. Fristen er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. Under finn du unntak frå fristen: 

  • Deltakarar som startar 1. november eller seinare, kan søke etter fristen 15. november for haustsemesteret.
  • Deltakarar som startar 1. mars eller seinare, kan søke etter fristen 15. mars for vårsemesteret.

Vi behandlar søknadene fortløpande. Deltakaren kan logge inn på lanekassen.no for å sjå når hen kan forvente å få svar. Les om behandlingstid på denne sida.

Klaregjere søknadar om lån og stipend

Nei. Du skal oppgi start- og sluttdato for når deltakaren skal følge undervisninga for kvart studieår.

Det har ikkje betydning for Lånekassen om deltakaren brukar lengre eller kortare tid enn planlagt før hen går over til neste modul.

Nei. Tidlegare måtte du sjekke at deltakaren hadde brukt riktig søknad. Nå blir dei automatisk ført til riktig søknad. Dersom deltakaren har kryssa feil i søknaden, kan hen hamne i feil søknadsskjema. Dette oppdagar vi i Lånekassen, og deltakaren får beskjed om å søke på nytt.  

Alle på førebuande opplæring får lån og stipend til utdanning på fulltid frå Lånekassen, uavhengig om dei tar utdanninga på fulltid eller deltid. Du vil derfor ikkje få spørsmål om å oppgi kor mange timar deltakaren får undervisning per veke når du klargjer søknaden om lån og stipend.  

Når deltakeren avsluttar utdanninga

Lånekassen krever ikkje at deltakarar i førebuande opplæring består utdanninga. Vi krev kun at deltakarane har følgt undervisninga i perioden de har fått lån og stipend.

Vi stiller derfor ingen krav til kor mange timar deltakaren må følge undervisninga per veke for å få full omgjering frå lån til stipend.

Lånekassen krev ikkje at deltakaren får godkjent eller bestått alle modulane. Vi krev kun at deltakaren har følgt undervisning i perioden hen har fått lån og stipend. 

Deltakaren kan få omgjort lån til stipend sjølv om hen berre fullfører nokre modular, så lenge hen oppfyller vilkåra for omgjering. Les om omgjering av lån til stipend på denne siden.

Ja, du skal sende inn eksamensdata/følgt undervisning etter kvart studieår, uansett om deltakaren har tatt eksamen eller ikkje. Det er ikkje et krav at deltakaren har bestått faga/modulane. Les om å rapportere følgt undervisning på denne sida.

Du skal ikkje rapportere fråvær til Lånekassen. Dersom deltakaren har slutta, må du melde avbrot i arbeidsflata for lærestadene. Les om avbrot på denne sida. 

Lån og stipend for flyktningar

Ja, ein deltakar på førebuande opplæring med status som flyktning kan ha rett til flyktningstipend. Dersom deltakaren mottek introduksjonsstønad har hen ikkje rett til flyktningstipend, men kan ha rett til andre lån og stipend frå Lånekassen. Les om flyktningstipend på denne sida.

Ja, dei har same rettar som andre utanlandske statsborgarar. Dersom dei har status som flyktningar, kan dei ha rett til flyktningstipend. Dersom deltakarane mottek introduksjonsstønad har dei ikkje rett til flyktningstipend, men kan ha rett til andre lån og stipend frå Lånekassen. Les om flyktningstipend på denne sida.

Flyktningstipendet kan bli gjort heilt eller delvis om til lån dersom deltakaren har inntekt eller støtte frå Nav/kommunen over grensene. Les om flyktningstipend på denne sida.  

Fødsel og permisjon

Når ein deltakar går ut i fødselspermisjon, melder du avbrot i arbeidsflata for lærestadene.

Deltakaren kan ha rett til foreldrestipend frå Lånekassen. Les om foreldrestipend på denne sida.

Dersom fødselspermisjonen startar midt i året, skal du melde møtt for deltakaren som vanleg. Når deltakaren går ut i permisjon, skal du melde avbrot.

Dersom deltakaren er i permisjon ved semesterstart, skal du melde «ikke møtt» i arbeidsflata for lærestadene.

 Les om lærestedets ansvar ved svangerskapspermisjon på denne siden.