Hjelp eleven å søke om lån og stipend
Før eleven søker
Fødsels- eller D-nummer
Elevar og studentar som skal søke om lån og stipend frå Lånekassen, må ha fødselsnummer eller D-nummer.
Alle som blir fødd i Noreg, eller har hatt opphald i Noreg i minst seks månader, skal ha eit personnummer.
Eit d-nummer er eit mellombels identitetsnummer som kan bli tildelt til utanlandske personar som i utgangspunktet skal opphalde seg i Noreg mindre enn seks månader.
Eleven kan få eit D-nummer ved å vende seg til skattekontoret eller Nav.
BankID eller MinID
Eleven må ha sin eigen BankID, eller MinID for å kunne logge seg inn og sende inn ein søknad. Det fungerer ikkje å søke ved hjelp av ein annan person sin elektroniske ID.
Du kan lese meir om MinID og korleis ein får det på Digdir sine sider. Har ikkje eleven BankID, får ho det via banken sin.
Bankkonto i norsk bank
Lånekassen utbetaler berre stipend og lån til norske kontoar. Som hovudregel må eleven vere eigar av kontoen sjølv, men vi kan overføre pengane til foreldra sin konto dersom eleven er under 18 år. Dersom pengane skal bli overført til ein annen konto enn eleven sin, kan du ta kontakt med Lånekassen for meir informasjon.
Opptak til godkjent utdanning
Før eleven søker om lån og stipend, må ho ha fått bekrefta skoleplass.
Når eleven søker
Eleven søker på nett
Du finn vegen til riktig søknad lenger ned på denne sida.
I tilfelle der eleven ikkje kan søke elektronisk, kan du kontakte Lånekassen og få tilsendt papirskjema. Ver klar over at det er lang behandlingstid for papirsøknader. Så langt det er mogeleg er det best å søke på nett.
Dersom eleven treng å sende inn dokumentasjon til Lånekassen når ho fyller ut søknaden, får ho melding om dette undervegs, eller når søknaden blir behandla. Eleven kan velje å laste opp dokumentasjon i søknaden, eller å sende den inn seinare.
Eleven søker om dei fleste typar stipend og lån i same søknad
I søknaden om stipend og lån søker eleven om dei fleste støttetypar, som lån, stipend, flyktningstipend og barnestipend.
Det er eigne søknadsskjema for sjukestipend ved sjukdom, foreldrestipend ved fødsel/adopsjon og tilleggsstipend for studentar med nedsett funksjonsevne.
Lærestaden klargjer søknaden i arbeidsflata
Søknaden kan komme til klargjering i arbeidsflata etter at den er sendt inn av eleven. Det er typen utdanning og lærestad som avgjer om søknaden dukkar opp i arbeidsflata. Det skjer i tilfelle der Lånekassen ikkje får henta inn all nødvendig informasjon om søknaden elektronisk.
Du får beskjed frå oss når du har søknader til klargjering i arbeidsflata.
Typiske oppgåver lærestaden har i samband med klargjering av søknaden er å bekrefte kva utdanning eleven tar, bekrefte at eleven har opptak, eller bekrefte reisetid/reiseavstand mellom foreldreheimen og skolen.
I tilfelle der Lånekassen treng meir informasjon om søknaden, kan vi ikkje behandle den før lærestaden har gjort klargjeringsoppgåva.
Ettersending av dokumentasjon
I tilfelle der Lånekassen treng meir dokumentasjon for å behandle søknaden, får eleven melding om kva som må sendast inn.
Eleven kan laste opp dokumentasjon etter å ha logga seg inn på Dine sider på lanekassen.no.
Før pengane blir utbetalt
Eleven får tilsendt vedtak om stipend og lån
Når søknaden er ferdig behandla, får eleven tilsendt eit vedtaksbrev frå Lånekassen. Eleven må logge inn på lanekassen.no. for å lese brevet. Vedtaket gir oversikt over kor mykje stipend og lån eleven er innvilga, og grunngiving for dette.
Eleven signerer avtale om støtte
Eleven får tilsendt ein avtale om støtte frå Lånekassen i eit eige brev. Dersom eleven er over 18 år, og kun får utstyrsstipend frå Lånekassen, treng hen ikkje signere. Pengane kjem inn på konto når lærestaden har meldt møtt.
Dersom det gjeld for eksempel bustipend, inntektsavhengig stipend eller lån må avtalen signeres før pengane blir utbetalt. Elevar over 18 år signerer sjølv med BankID, eller på papir. Eleven kan bestille papirslipp for signering på Dine sider.
Foreldra skal signere for elevar under 18 år
Når eleven er under 18 år, skal foreldra signere for eleven. Då får foreldra tilsendt eit eige brev med informasjon og detaljar om innlogging til foreldresigneringsportalen på lanekassen.no. I foreldresigneringsportalen kan foreldra signere elektronisk for eleven, med BankID.
I tilfelle der eleven ikkje har foreldre som kan signere, skal ein verje signere.
Lærestaden registrerer gyldig frammøte
Når søknaden er innvilga, får lærestaden ei oppgåve frå Lånekassen om å registrere gyldig frammøte («melde møtt») for elevar og studentar. Med unntak for lærestader som rapporterer via FS, blir oppgåva gjort i arbeidsflata for lærestader.
Lærestaden får melding frå Lånekassen når det er tid for å melde møtt for elevane.
Eleven får ikkje utbetalt pengar før lærestaden har registrert oppmøte.
Elever i spesielle situasjoner
Borteboer av særlige årsaker
Elever som av sosiale årsaker ikke kan bo hos foreldrene når de går videregående skole, kan ha rett til borteboerstipend. I slike tilfeller må de sosiale forholdene dokumenteres av en fagperson. Dokumentasjonen kan sendes som et vedlegg til søknaden om stipend og lån.
Les mer om ordningen og krav til dokumentasjon (lanekassen.no)
Utenlandsk statsborger
Utenlandske statsborgere som søker om stipend og lån fra Lånekassen for første gang, må i noen tilfeller sende inn dokumentasjon på at de har godkjent opphold i Norge.
Les mer om dokumentasjonskrav for utenlandske statsborgere på kundesidene.
Eleven har ikke foreldre
Elever i videregående skole som ikke har foreldre, må ha en verge til å signere avtalen om støtte for seg. Ta kontakt med Lånekassen for mer informasjon om hvordan dette gjennomføres i praksis.
Institusjon og asylmottak
Elever som bor på institusjon og får livsopphold dekket av det offentlige, får ikke stipend eller lån fra Lånekassen. Et unntak er for elever i videregående skole. De kan få utstyrsstipend hvis de ikke får nødvendig utstyr dekket av det offentlige.