Arbeidsflata for lærestadene er ein sikker, elektronisk kanal for å sende opplysningar mellom lærestadene og Lånekassen.
Kvar lærestad har ein administrator i arbeidsflata. Det er denne personen som har moglegheit til å leggje til, endre og slette brukarar av arbeidsflata. Du må sende inn eit skjema med opplysningar om kven som skal være administrator for arbeidsflata ved din lærestad.
Dersom lærestaden skal byte administrator, sender du inn eit skjema for administratorbyte.
Send skjemaet til oss på e-post: postmottak@lanekassen.no
På forsida i arbeidsflata finn du ei oppgåveliste.
Oversikt over oppgåver:
- Klargjering av søknad
- Rapportere frammøte
- Rapportere eksamensdata
- Melde fra om avbrot
- Rapportere utdanningar
- Årleg kontroll av utdanningar
Det er ikkje sikkert din lærestad får alle oppgåvene som er lista opp ovanfor. På denne sida får du oversikt over kva ditt lærestad skal rapportere til Lånekassen.
Dersom du har ubehandla oppgåver i oppgåvelista di, sender Lånekassen ut ein e-post til alle brukarar ved lærestaden din. Når du har utført oppgåva, klikkar du på «utført»
Du kan søke opp studenten/eleven i høgremenyen ved å taste inn fødselsnummeret. Du kan bruke søkefeltet når du skal melde frå om for eksempel avbrot, endra studiebelastning eller dersom du treng å sjå historikken for eleven/studenten.