Arbeidsflata for lærestadene er ein sikker kanal for informasjonsutveksling mellom Lånekassen og lærestadane.
Nye lærestader må søke Lånekassen for å få utdanningar godkjende for lån og stipend. Du søker om godkjenning i arbeidsflata.
Kva utdanningar kan Lånekassen godkjenne for utdanningsstøtte?
For at Lånekassen skal kunne godkjenne ein utdanning for utdanningsstøtte, må begge desse krava vere oppfylt:
- Utdanninga må vere godkjent etter ein opplærlingslov, eller følge læreplanar for vidaregåande opplæring og føre fram til eksamen for privatistar.
- Høgare utdanning må ha ei varigheit på minst eit semester. All anna utdanning må ha ei varigheit på minst fire månader.
Det finnes nokon unntak frå krava. Du kan lese meir i forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Norge (lovdata.no).
Korleis får lærestaden tilgang til arbeidsflata?
For å få tilgang til arbeidsflata må du sende Lånekassen desse opplysningane:
- namn på lærestaden
- postadresse, postnummer og poststad
- telefonnummer til lærestaden
- adresse til lærestaden si nettside
- e-postadressa til lærestaden
- målforma til lærestaden
Du må også legge ved utfylt administratorskjema med opplysningar om personen ved lærestaden som ønsker tilgang til arbeidsflata.
Send opplysningane og administratorskjemaet per e-post til, eller per post til:
Statens lånekasse for utdanning
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo
Kva gjer ein administrator?
Alle lærestader som bruker arbeidsflata skal utpeike ein person som administrerera i løysninga. Det inneber å opprette, endre, og slette brukertilgangar. Administratoren er ansvarlig for kven som har tilgang til arbeidsflata for lærestaden.
Det kan ta 1-2 veker å få tilgang til arbeidsflata AFL
Behandlingstida er ei til to veker. I periodar kan behandlingstida vere lengre. Når vi har oppretta tilgang for deg på arbeidsflata, får du ein e-post med opplysningar om korleis du skal logge inn.
Når lærestaden har fått tilgang, må de søke om godkjenning av nye utdanningar for lån og stipend
At lærestaden har fått tilgang til arbeidsflata, betyr ikkje at utdanningane de tilbyr automatisk blir godkjende for lån og stipend. Utdanningane de tilbyr må godkjennast av Lånekassen, før elevane dykkar kan søke om lån og stipend til dei.