Klargjere søknader

Å klargjere ein søknad er å supplera Lånekassen med informasjon.

Klargjering - vidaregåande for vaksne

Rutinar for klargjering av søknader for vaksne elevar i vidaregåande er litt annleis enn for andre elevar.

Kva er klargjering av søknader?

Du må klargjere ein søknad når Lånekassen treng opplysningar frå lærestaden for å kunne behandle eleven sin søknad om lån og stipend.

I nokre tilfelle treng Lånekassen opplysningar for å kunne behandle eleven sin søknad om stipend og lån.

Dersom Lånekassen treng opplysningar, eller må få stadfesta opplysningane som er oppgitt av eleven i søknaden, vil du få oppgåva «Klargjering av lån- og stipendsøknader» i arbeidsflata.

Vi treng desse opplysningane for å kunne ferdigbehandle eleven sin søknad om lån og stipend.

Når lærestaden får «Klargjering av lån- og stipendsøknad», fyller ut og sender denne tilbake til oss, er søknaden til eleven klar for å bli behandla. Nokre søknader vil gå gjennom systemet vårt automatisk, medan andre må behandlast manuelt av ein saksbehandlar.

Dette er noko av det du kan bli bedd om å gi informasjon om i ein klargjeringssøknad:

  • Bustatus
  • Studiebelastning
  • Kva utdanning eleven skal ta
Logg inn i arbeidsflata

Slik klargjer du søknadar som gjeld meiropplæring

Elevar i vidaregåande opplæring kan ha rett til lån og stipend når dei får meiropplæring. Her får du rettleiing i korleis du skal behandle klargjeringssøknadene i arbeidsflata.

Desse elevgruppene kan ha rett til lån og stipend når dei får meiropplæring:

Eleven er ikkje ferdig med vidaregåande opplæring og har ikkje bestått alle fag, men har starta på neste nivå

Hen har for eksempel teke Vg1 helse- og oppvekstfag, strøke i eitt eller fleire fag, og gått vidare til Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Når eleven søker om lån og stipend, søker hen på utdanninga hen har opptak til no.

Eleven er ferdig med vidaregåande opplæring, men manglar eitt eller fleire fag som ikkje er bestått

Dersom opplæringa har ei varigheit på fire månader eller meir, kan eleven ha rett på lån og stipend. Eleven vel utdanninga hen gjekk på førre skuleår når hen skal søke om lån og stipend i Lånekassen.

Dersom eleven får spørsmål om hen skal ta utdanninga på deltid, skal hen svare «Ja». Lærestaden vil motta ei klargjeringssak i Arbeidsflata for lærestadene. Dersom eleven har kryssa av for deltid, får du spørsmål om å fylle inn årstimar i klargjeringssaka.

Deltakaren tek vidaregåande opplæring for vaksne

Ein deltakar som tek vidaregåande opplæring for vaksne, men som ikkje har bestått alle fag, kan ha rett til lån og stipend frå Lånekassen dersom hen får meiropplæring i faget. I klargjeringssaka skal du legge inn heile utdanningsløpet til deltakaren.

Du skal fylle inn opphavleg startdato, ny sluttdato og alle fag deltakaren tek, skal ta og har teke frå og med opphavleg startdato i vidaregåande opplæring for vaksne.

 

 

Ofte stilte spørsmål

Her finn du ofte stilte spørsmål om klargjering av søknad i arbeidsflata for lærestadene.

Nei. Tidlegare måtte du sjekke at eleven hadde brukt riktig søknad. Nå blir dei ført til riktig søknad automatisk.

Dersom eleven har kryssa feil i søknaden, kan hen hamne i feil søknadsskjema. Dette oppdagar vi i Lånekassen, og eleven får beskjed om å søke på nytt. 

Saksbehandlingstida varierer, men er vanlegvis på 4-6 veker. Eleven kan sjekke forventa saksbehandlingstid i Dine sider.

Det kan vere vanskeleg for Lånekassen å berekne avstand/reisetid, du blir derfor av og til bedt om å hjelpe oss med dette. Når vi får hjelp av lærestaden kan eleven sin søknad bli behandla raskare.

Du skal ikkje stadfeste noko du ikkje er sikker på

Er avstanden/reisevegen ukjent for deg trykker du på «veit ikkje» i klargjeringssøknaden.
Eleven vil då få melding om å sende inn dokumentasjon på avstand/reiseveg til Lånekassen.

Lånekassen bruker Norkart for å berekne avstanden. Det er denne tenesta som er gjeldande i vurderinga om eleven har rett til bortebuarstipend eller ikkje.

Rapportere frammøte
Rapporter at elevar har møtt til undervisning ved semesterstart.
Få tilgang til arbeidsflata
Korleis få tilgang til arbeidsflata for lærestadene?