Elevar og studentar som avbryt utdanninga

Studentar ved fagskule, høgskule eller universitet melder sjølve frå til Lånekassen

Dersom ein student ved ein fagskule, høgskule eller eit universitet avbryt utdanninga, skal dei sjølve melde frå til Lånekassen. Det gjer dei ved å logge inn på lanekassen.no.

Elevar som avbryt utdanninga

Dersom ein elev avbryt utdanninga eller byter lærestad, må du melde frå til Lånekassen.

Kva skjer når du melder avbrot?

Elevar som ikkje er i utdanning, har ikkje rett til lån og stipend frå Lånekassen. Når Lånekassen får melding om avbrot, stoppar vi utbetalinga av lån og stipend. 

Det er viktig at du melder frå om avbrotet så tidleg som mogleg. Ventar du med å rapportere, kan det føre til at eleven får utbetalt lån og stipend hen ikkje har rett på. 

Slik melder du avbrot

Du rapporterer avbrot i Arbeidsflata for lærestadene. Søk opp eleven i det grøne feltet til høgre, og klikk på lenka "Avbrot". 

Når ein elev i vidaregåande opplæring avbryt utdanninga

Du skal melde avbrot til Lånekassen når eleven

  • sjølv melder frå til lærestaden om at hen har avbrote utdanninga, eller
  • ikkje har vore studieaktiv i seks samanhengande veker, sjølv om eleven ikkje melder frå til lærestaden.

Med studieaktivitet meiner vi at eleven har følgt undervisning, levert obligatoriske oppgåver, vore aktiv i læringsportalen eller liknande. Du skal melde avbrot til Lånekassen sjølv om de har andre interne retningslinjer ved lærestaden. 

Du skal registrere elevens siste aktive dag som avbrotsdato. Eleven mister retten til lån og stipend frå dagen etter avbrotsdatoen du melder inn. 

Elevar i vidaregåande opplæring som tar opp att utdanninga

Dersom eleven tar opp att utdanninga etter at du har meldt avbrot, må hen søke om lån og stipend på nytt. Eleven får ikkje lån og stipend for perioden hen ikkje var studieaktiv. 

Når eleven har søkt på nytt, kan du få ei oppgåve i arbeidsflata om å klargjere den nye søknaden. Startdatoen du skal oppgi, er den datoen eleven starta på skulen igjen etter avbrotet. 

Elevar som byter lærestad

Du må melde avbrot dersom ein elev byter lærestad. Eleven må sende ei ny søknad om lån og stipend til Lånekassen. I den nye søknaden skal eleven oppgi kva lærestad hen skal ta utdanning ved. 

Lærlingar som hevar kontrakten

Dersom ein lærling hevar lærekontrakten, må fagopplæringskontoret melde dette til Lånekassen i arbeidsflata. 

Når ein trafikkskuleelev avbryt utdanninga

Trafikkskulen må sende inn eit avbrotsskjema til Lånekassen. Dette må sendast i posten av omsyn til personvern. 

Adressa er:

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Avbrotsskjema for trafikkskolar: yrkessjåførutdanning

Deltakerar i modulstrukturert opplæring som avbryt utdanninga

Les artikkelen "Ofte stilte spørsmål" for meir informasjon om avbrot for deltakarar i

Aktuelt regelverk