Utbetalingsplan til elevar som går på folkehøgskole

Her får du oversikt over kva ein folkehøgskoleelev får utbetalt frå Lånekassen. Satsane gjeld for studieåret 2026–2027.

Elevar ved folkehøgskolar får basislån i inntil ti månedar. For studieåret 2026–2027 kan elevane låne inntil 154 880 kroner for heile studieåret. 40 prosent av lånet kan bli omgjort til stipend. Elevane får ikkje lån til skolepengar. 

Nedanfor finn du oversikt over kva elevane får utbetalt frå Lånekassen. Dette er også informasjon som elevane finn på Dine sider. 

Utbetaling for haustsemesteret 2026

15. august  30 976 kroner
15. september  11 616 kroner
15. oktober 11 616 kroner
15. november  11 616 kroner
15. desember  11 616 kroner

Utbetaling for vårsemesteret 2027

15. januar  30 976 kroner
15. februar  11 616 kroner
15. mars  11 616 kroner
15. april  11 616 kroner
15. mai  11 616 kroner

 

Lån og stipend til elevar som går på folkehøgskole

Elevane kan ikkje søke før dei har fått skoleplass, og dei kan tidlegast søke frå midten av mai.
Siste frist for å søke er:

- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret

- 15. mars for vårsemesteret