Sletting av studiegjeld for lærarutdanna
Studentar som tar ei lærarutdanning innan realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan få sletta inntil 50 000 kroner av studielånet sitt.
Ordninga gjeld også lærarar, lektorar og barnehagelærarar som tar 60 studiepoeng i samisk eller kvensk, også når studiepoenga er tatt i tillegg til profesjonsutdanninga.
De må søke om å få sletta studiegjeld
Studentane søker om å få sletta gjeld ved å logge inn på lanekassen.no. Søknadsfristen er seks månader etter fullført eksamen.
Femårig lærar- eller lektorutdanning, og tre år i jobb
Studentar som tar femårig grunnskolelærar- eller lektorutdanning på normert tid kan få sletta delar av studiegjelda etter å ha jobba som lærarar i ein oppteningsperiode på tre år. Dette gjeld studentar som starta utdanninga hausten 2017, eller seinare. Dei første som blir omfatta av denne ordninga kan få sletta delar av studiegjelda frå og med 2025, på grunn av oppteningsperioden på tre år.
Begge ordningane gjeld for heile landet.