Korleis får eg tilgang til arbeidsflata?
Alle lærestader med utdanningar som er godkjende for utdanningsstøtte i Lånekassen, har ein administrator i arbeidsflaten. Administratoren er ansvarleg for kven som har tilgang til arbeidsflata for lærestaden. Dersom du manglar tilgang, kan administratoren ved din lærestad hjelpe deg med dette.
Ønsker de å byte administrator?
Dersom nokon på lærestaden har tilgang til arbeidsflata og de ønsker å byte administrator, kan de bruke skjemaet «Byte administrator». Dette skjemaet finn de på arbeidsflata. Har ingen hos lærestaden din tilgang, kan de sende oss ein e-post
Slik loggar du på arbeidsflata for første gong
Når du er registrert som brukar av arbeidsflata, får du ein e-post med lenke som du bruker for å lage passord.
- Klikk på lenka i mottatt e-post.
- Du vil så få ein verifikasjonskode på SMS, som du fyller inn i feltet «Verifikasjonskode».
- Lag nytt passord.
- Klikk på «Send», og du er logga inn.
Har du problemer med passordet?
Vi opplever av og til at lenka som blir sendt ut når ein trykker på «glemt passord» ved innlogging i arbeidsflata ikkje verkar. Vi beklagar og ber dykk om å sende ein e-post til postmottak@lanekassen.no viss de har problem.